Eiliv Skard

Eiliv Skard
Fødd19. oktober 1898
Død30. september 1978
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, filolog, klassisk filolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Eiliv Skard (fødd 19. oktober 1898 i Levanger, død 30. september 1978 i Oslo) var ein norsk akademikar som var professor ved Universitetet i Oslo frå 1934 til 1968, først i klassisk filologi, og frå 1948 i antikkens åndshistorie.

Han var fødd i Levanger, men familien flytta i 1901 til Kristiansand, der han voks opp. Han tok artium i 1916, adjunkteksamen i 1922, var gymnaslærar i Hornnes og Orkdal landsgymnas på 1920-talet og vart dr.philos. i 1931.

Skard hadde ei allsidig og omfattande verksemd, både innanfor det akademiske feltet, som lærebokforfattar og som folkeopplysar. Han var medansvarleg for Samlagets serie Klassiske bokverk i norsk umsetjing frå starten av, var medredaktør av Vestens tenkere (3 bind, 1962).

Eiliv Skard skreiv nynorsk. Frå 1930-åra av var han knytt til Oxfordrørsla og MRA.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy